søndag 13. april 2008

”Nødvendig plastpose?”

...spør Marianne Lystrup i sin kommentar i Vårt Land den 12. mars, og henviser til dei ein milliard plastposane vi nordmenn bruker kvart år. Dei fleste bli berre bruka ein gong, på veg frå butikken og heim, og dersom posen er heldig, bli han også båre ut bosset i, som ei type siste teneste.

Eg veit ikkje heil kvifor eg har vald å skrive denne teksten på nynorsk, heller ikkje kvifor eg valde å skrive om plastposar. Det var vel berre noko som falt meg inn, trur eg. For det har seg sånn, at medan eg las kommentaren i Vårt Land, fekk eg hug til å skrive eit lite svar. For eg må si meg sterkt uenig i at vi bruker for mange plastposar.

For det fyrste: Kven orkar vel å ta med seg berenet kor enn ein går? Eg, som må karateriseras som ein storforbrukar på plastposar, særleg denne typen som dei klagar på at det tar 100 år å bryte ned (eg meiner, 100 år, kva er det? 20 gonger hadde ein pose kunne blitt brutt ned, og det berre sia Jesus vandra på jorda. Skal ikkje ein gong nevne dinosaurane...) Dei fleste turane mine på butikken er reine impulskjøp. Korleis skal eg da klare å ta med med berenet? Eg veit jo aldri når eg ska dit. Og dersom det fyrst er helgahandelen eg skal ta, så kjem jo kassadama til å sjå dumt på meg der eg kjem med full handlevogn og svarer ”nei, takk, eg treng ikkje” når ho spør om eg ska ha handlepose! Og eg liker absolutt ikkje at folk kikar dumt på meg, så akkurat den skjemnaden vil eg spare meg for, og tar derfor ikkje med eiget berenet på butikken.

For det andre: Kordan ser eit berenet ut? Kor kan ein kjøpe det? Eg trur ikkje eg har sett eit einaste berenet i heile mitt liv, og om det er sånn det står til med resten av den norske befolkninga, så er det jo ikkje rart vi bruker ein milliard plastposar. Men det står faktisk ikkje slik til med resten av befolkninga, fordi for 40 år att i tid, så var det faktisk vanleg å ha med seg eige berenet på butikken. Men 40 år er jo mange år, og vi kan jo ikkje ta vare på alle desse gamle skikkane. Kanskje vi like godt ska byrje å kjøyre folkevogna igjen?

På 70-talet fant ein mengder av olje i norske farvann, og plastposar blir som vi veit laga av olje og gass, såkalte ikkje-fornybare ressursar. Det eg ikkje skjønner, er at når vi har så mykje olje, kvifor klagar ein da på at det blir laga så mange plastposar? Vi kunne tjent oss rike på å selge plastposar til resten av verda, så mykje olje som vi har! Kven bryr vel seg om at det allereie flyt 3.500.000.000.000 kilo plast rundt i Stillehavet, dersom Noreg kan tjene pengar på å investere olja i plastposeindustrien. Stillehavet er jo så stort uansett, så dei små mengdane plast merkas vel ikkje. Og om det døyr nokre korallrev og nokre fiskar gjør vel ikkje dét så mykje heller. Eg er uansett ikkje så glad i fisk.

På New Zealand, i Bangladesh og på Taiwan har dei forbod mot plastposar, og det blir snakka om å innføre noko liknande i Noreg. Eg klarer ikkje heilt å sjå for meg eit Norge uten plastposar: Kva skal ein putte lekkande termosar på tur i? Kva skal ein fryse ned brød i? Eg tviler på at tøyposar gjør same nytten. Ungane kjem heim frå utedag på skolen, med dei skitne og blaute kleda i tøypose – du får eit ekstra plagg å vaske. Korleis skal det gå med oss? Og Stavanger blir mogleg fyrst ute, der ordfører Leif Johan Sevland vil gjøre byen fri for desse fine fargeklattane vi omgir oss med heile dagen. Eg foreslår dei i det minste erstatter rosa, gule og blå plastposar med litt ekstra blomster i byen, hvis han ikkje skal bli heilt trist og kjedelig.

Kva forskjell gjer det om eg held opp å bruke plastposar, tenkjer eg. Alle andre vil jo gjere det uansett. Er det ikkje slik vi alle tenkjer? Men eg kan skrekke meg så langt, for å gjere eventuelle miljø-frikar som er redde for planeten vår, at eg skal vurdere å byrje å bruke tøypose når eg handlar dersom nokon berre fortel meg kor dei fins, men å fryse ned brøa i tøypose?

Men det er faktisk slik då, for dei som ikkje veit det allereie, at det fins nedbrytbare plastposar. Ica, til dømes, har bestilt 50 millionar av desse, som blir å sjå i butikkane frå 1. juni. Her i Peru finn ein også bio-posar, som dette dømet frå matvarekjeden Wong:

Med bioposar – kanskje kvardagen ikkje blir umogleg likavel?

No når eg har hatt litt tid til å tenke, har eg funne ut at eg skreiv dette innlegget på nynorsk fordi deg har eit litt useriøst forhold til dette skriftspråket, som titt og stundom blir nytta av diverse morosamme personar (komikararar eller noko sånt vart litt vanskeleg å skrive). Kåseri gjer seg best på nynorsk, av ein eller anna grunn.
Og eg valde å skrive om plastposar fordi det er eit miljøproblem kvar enkelt kan gjere noko med. Finn fram dei gamle handlenetta, ta med ein ryggsekk på butikken, si ”nei, takk” neste gong du blir spurt om du vil ha pose, og hev hovudet over dei dumme blikka du eventuelt får. Ein kvardag uten plasposar kan syne seg å bli ein overkommeleg kvardag, berre vi gjer han ein sjangs.

1 kommentar:

Anonym sa...

yo soy de jose galvez te vi un dia pasando por mi casa por olaya y tu sigues en jose galvez bueno un beso mi correo es oscarhorna@hotmail.com